Frank Jøran Johansen til minne

Av Ørjan Hagerup Kvaløy

Eg trur det var sommaren 1978, at eg møtte Frank første gongen. Han var på garden åt farfar og hjelpte til i siloslåtten. Han kom syklande på ein 10-girs «ræsersykkel», eit teknisk vedunder som vekte stor nysgjerrigheit åt ein liten gutunge. Han hadde langt, lyst, krøllete hår, og bart. Alltid blid, og tøysa med oss borna. Dette første, vesle sommarminnet frå 1970-talet, sett med auga til ein liten strikunge, seier eigentleg mykje om Frank, og korleis han var: Han hadde vel aldri fast jobb, men var sterk, flittig og arbeidsam. Han arbeidde rundt på gardane på Leka, tok arbeid der det var bruk for to ledige hender. Gjorde fjøs, stod i siloen, hogg og kappa ved, tok opp potet, måla hus, med meir. Han fekk seg aldri førarkort eller bil. Han sykla i mange år, og det gode humøret hadde han alltid med seg.

Frank budde «Sør i Myrå», som vi kalla det, i ei bitte lite, raudt hus. Stue og kjøkken nede, to små soverom på loftet. Her budde dei mor, far og fire born. Frank var eldst. Nokon velstand var det nok ikkje. Faren hans, Ole, var fiskar, og inntekta var vel avhengig av både ver og føre, oppfiska kvantum og fiskeprisar. Stabil var nok ikkje inntekta, heller ikkje høg. Tre av søskena flytta ut, og midt på 80-tallet bygde dei seg nytt, moderne hus med bad og innedo! Frank vart buande heime med mor og far, bestemor Jenny flytta også inn, etter kvart. Her vart han ei hjelp og ein støtte åt foreldra i alderdommen. Han måla husa, slo plen, fileterte og ordna fisk i lag med faren. Det var Frank som lærte meg å filetere fisk. Han hadde ein fantastisk god teknikk og eit sjeldan handlag med kniven, som eg forgjeves har prøvd å kopiere.

Det vart ikkje mykje skolegang på Frank. Han hadde massevis av evner, og leste bøker i bøtter og spann. Han kunne garantert ha nådd langt i livet, om omstenda var annleis. Det mangla vel både på økonomi og motivasjon. Han var alltid godt orientert og oppdatert, avisa las han grundig kvar dag, og nyheitene måtte han sjå fleire gonger om dagen.

Frank var også opptatt av teknikk og moderne nyvinningar. Han var vel blant dei første i bygda som gjekk til innkjøp av parabolantenne, og kunne ta inn hundretals TV-kanalar frå heile verda. Dette var eit enormt framsteg, i ei tid da folk flest berre hadde NRK. Særleg såg han det meste av sport på TV, i alle kanalar. Eg sat med Frank da Noreg slo Brasil i VM, 1998. Han hadde også siste skrik innan TV-teknologi, eit fjernsyn med fantastisk mange tommar, og ikkje minst bygdas beste stereoanlegg! Han hadde ei enorm samling LP-plater, for han var heldig å vekse opp på 60 og 70-talet, da musikken faktisk var bra!

Det var ikkje mange naboar i det grisgrendte «øyrbeinhålet» på den forblåste yttersida av Leka. Sjølv om Frank var mange år eldre, vart han en god kamerat. Vi diskuterte og løyste alt frå små, lokale utfordringar til verdsproblem, og ein ting skal Frank ha: Han sa aldri eit vondt ord om nokon! Elles var vi turar på sjøen og i fjellet, og i mange år vart det spela dart i stua «Sør i Myrå». Det vaks etter kvart opp eit lite dart-miljø på Leka, med faste samlingar og treningar, og eit par gonger deltok vi også på turneringar inne på fastlandet.

Etter faren døydde for 25 år sia, vart Frank buande åleine med mora. Det såg lengje ut som Frank skulle ende opp som evig ungkar, men plutseleg tok han vettet til seg, og fann seg kjerring! Det vart for avsides på yttersida, langt unna folkeskikken, utan bil og det heile, så han flytta «inn på øya» med kjerringa. Ei staseleg dotter fekk han også, og for meg var det lita æra å vera gjest i dåpen hennar. Frank var veldig stolt av dottera, og sist eg prata med han, for eit par veker sia, snakka han varmt om henne. No går mine tankar først og fremst til dei, til Geraldine og Arianne.

Frank var liten av vekst, stille og forsiktig. Han gjorde ikkje mykje utav seg. Han fekk berre eit kort opphald her på landjorda, og avtrykka etter han er kanskje beskjedne, men i hjarta våre har han set djupe spor.

Powered by Labrador CMS