Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

ytringen.no

Steinar Bach til minne

Døde · Publisert 12:26, 23 nov 2020

Det var ei sjokkarta opplysning å få at Steinar Bach brått var død, for ein opplevde at han var så sunn i alt han var med på. Som søskenbarn til mora Kirsten, så var eg med i bryllaupet til foreldra Kirsten og Odd på Solvoll i Skage i barndomen. Minneord over han viser at han var med på svært så mykje, der han følgde i faren Odd sine spor i det politiske livet og vart med på så mykje og mangt, så slik vart det at han også ei tid fekk kommunale posisjonar i Lierne kommune.

Han hadde i ungdommen møtt Eva frå Li, som ein sei det lokalt og dei fekk barn som vart med på det som rørte seg i «Li». Steinar var det vi på namdalsk kallar for ein «stempill te kar», som er ein sterk rosande omtale. For han stilte opp over alt for både lag og organisasjonar i samfunnet, der Eva og ungane deltok så mykje. Og det var dette dei var så flinke til i Lierne, med alle venne-para som Steinar og Eva var så tett med på, i krinsen rundt Agnes og Olav. Der dei fekk til eitt så fantastisk dansemiljø gjennom Barne og ungdomsringen i ungdomslaget Gå På. Dette vart så veldig bra bra at dei også fekk invitasjonar frå ei dansegruppe i Kvite-russland. Så dei utvikla denne kontakten veldig mykje, med mange visitar og gjenn-visitar. Slik har det meste av Li-ungdommen ei danseglede som få andre ungdomar i området. Og dei har fått så mange fine kollektive opplevingar som få andre. Slik fekk dei også ei så veldig bra pressedekking.

Så denne gruppa vart med på så utruleg mykje både under Bygdedagane i Lierne og andre tilskipingar rundt i fylket, som Barnestemna som kom i gang på på 80 talet og heldt fram kvar sommar til etter tusenårsskiftet, ved at dei kunne dra så langt som til Budalen.

Under eitt av besøka frå Kvite-russland råka det så godt tidsmessig med at Naumdøla Ungdomslag skulle feire sitt 100 års jubileum. Dette vart ei veldig bra forestilling i Kulturhuset i Namsos, pga. at mange fekk med seg denne, der både Kvite-russarane og Ungdomsringen i Li, samt Barnelaget i Namsos, stilte opp i noko av det mest spesielle programmet som er vist der. Dette er berre eit eksempel på alt det som Steinar, Eva og ungane var med på, samtidig som at Li-samfunnet fekk mykje fokus på seg gjennom Flyktningerennet og mange andre arrangement.

No er ein av dei som drog lasset i fjellbygda borte så brått. Så mange er det som føler med Eva og familien som har vori med å skapt så mange fine minner gjennom så mange år. Eg vil med dette lyse fred over Steinar sitt gode minne.

Magne Rønning

Leserinnlegg
På fremsiden nå
Ytring - les folkets meninger
Fiskeri & havbruk
Kjentfolk

Otilje 8 år

Kjentfolk onsdag 09:44
Rett fra levra

Hvem er Bindal kommune til for?

Kommentar torsdag 06:43
Smånytt

Bartebil legges ned i april

Notis onsdag 10:36

Innstilte ferger

Notis onsdag 19:20