For å lese saken må du være abonnent.

5 kr for 5 uker

  • Full tilgang til alt innhold på
    ytringen.no
  • E-avis på nett og i app

Fornyes automatisk til 199,- per måned. Ingen binding. Gjelder kun nye abonnenter.

KJØP

Enkel betaling med

Se alle våre abonnement

Med skråauge på stoda i Ytri Halfa

No bitast hestane

Illustrasjonsbilde laget av kunstig intelligens.
Illustrasjonsbilde laget av kunstig intelligens.

Beboarane i Njardøysundet stod no på kanten av borgarkrig. Då alle trudde at dei gamle fiendane Njardøy og Vikten var samla i eitt rike, så braut ufredstidene ut att. På begge sider av Njardøysundet kvesste dei sverd og økser. Skalder og bodstikker boltra seg i dei verbale oppgjera. Redselen var no stor for at landshovding Rike-Jonas ville gripe inn med den frykta, nye reidskapen sin: robek-tvinga.

Det var fredelege månader i tida før dei to herradene gjekk i lag. No var det så langt frå av eigen, fri vilje dei gjorde det. Jarn-Erna satt enno ved makta som landsfrue då, og det var eit fleirtal i landstinget som tvinga Njardøy og Vikten ilag. Ikkje ein gong den nye oppkomlingen, Trygve Skratte frå Bondepartiet, makta å stogge Høgre, Vinglepartiet og dei andre som pressa på fer samanslåing.

Dei to lokale heradshovdingana, Steinar frå Osplia og Amund Skravle, klara på eit underleg vis å einast om eit skriv der dei delte makta mellom Kolfuereidt og Røyrbukta. Det skulle plasserast hærmenn på begge sider av sundet. Og hovdingen sjølv og hans hærførar skulle fraktast med hest og kjerre mellom dei to grendene.

Powered by Labrador CMS