Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

ytringen.no

Gler seg over kvite julestandar for barna i år

av leiar Per-Arne Lillebø og sekretær John Almendingen hos IOGT Region Midt-Norge

Ytring · Publisert 08:18, 20 okt 2021

No gler IOGTar over heile landet seg til at dei kan få stille på kvite julestandar, og på den måten få fokus på at barn fortenar kvite juledagar når dei er saman med vaksne. Kvit jul er for dei fleste julesnø, men for mange barn er kvit jul óg noko anna. Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar, og for mange barn er det største juleønsket å få vere saman med vaksne som er edrue.

Barn ynskjer vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggelege. I desember blir det drukke dobbelt så mykje som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane er fuktige i mange heimar, og mange barn gruer seg til jul på grunn av drikkinga til dei vaksne. Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 90 000 norske barn har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk.

Alkoholforbruket i Norge har auka med omlag 40 prosent dei siste 20 åra. Det er i stor grad fleire kvinner og fleire eldre som drikk meir enn kvinner og eldre gjorde før. Ungdom derimot drikk mindre alkohol og røykar mindre hasj enn tidlegare. Statistikken synar at ungdom bruker stadig mindre av alle slag rusmiddel, bortsett frå snus. Auken i alkoholkonsumet er det i stor grad besteforeldregenerasjonene som står for.

Dei siste vekene før jul har IOGT Kvit jul-aksjonar landet rundt. IOGT Region Midt-Norge som omfattar Helgeland, Trøndelag og Sunnmøre, er alt i gang med stand rundt om i regionen. Målet med kampanjen er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. Foreldre og andre vaksne blir oppmoda om å skrive under på å at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med barn i juledagane 23.-26. desember. Kvit jul-kontrakter kan ein óg signere på nettsida www.hvitjul.no. Elles vil vi oppfordre den einskilde til å avtale med seg sjølv at ein ikkje skal drikke alkohol når ein er saman med barn i jula. Det er handlinga som er det viktigaste. Alkoholfrie vaksne gjev barna tryggleik og velvere.

Lærer seg norsk i arbeidstiden

Nyheter tirsdag 10:50
Ytring - les folkets meninger
Notiser

Rudolf hadde ikke daua

Notis fredag 18:31