Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

ytringen.no

Svar til Baadlands innlegg om vindkraft

Knut A. Langeland

Ytring · Publisert 17:50, 22 mai 2020

Thor Egil Braadland har fått det for seg at norske hytteeigarar som er imot vindkraftanlegg i urørt norsk natur, berre kan klappa att. Braadlands selektive reknestykke viser at hytter et mykje meir natur enn vindturbinar og tilhøyrande infrastruktur. Hytter er rett og slett eit mykje større trugsmål mot norsk natur enn vindkraft.

250 meter høge vindturbinar, plassert på ein sundskoten topp, med vengjer som drep storfugl og småfugl og tonnevis med insekt, som spyttar mikroplast, som ikkje let seg gjenvinna, som krev vegar av autostradadimensjonar og tonnevis med stål og betong.

Pytt. Hytta di på 70 kvadrat er mykje verre.

Så der fekk de den. De som har hytter.

Men eg har ikkje hytte, Braadland. Slik eg tolkar deg, har eg då uttalerett. Den brukar eg på vegner av alle hytteeigarar som er imot vindkraft. Eg trur vi er mange.

Men eg har bil Braadland. Eg køyrer på norske vegar. Har eg då rett til å vera imot Hordfast? Eller må eg berre klappa att og sitja stille og sjå på at norsk regnskog og andre sjeldne naturtypar går fløyten?

Braadlands forsvar for meir utbygging av vindkraft i norsk, urørt natur er insisterande, det skal han ha. Med stor iver argumenterer han for vindkraftas magiske påverknad på natur og klima. Vi som ikkje er fullt så begeistra, er, i Braadlands hovud, ikkje berre “halvfeite”, vi trur dessutan vi kjempar “en heroisk og hederlig kamp mot tysk storkapital”, og ikkje minst, vi kjempar visst på same side som “den imbecile gjengen av vitenskapsfornektere som ikke tror på menneskeskapte klimaendringer”.

Det siste var nok meint som sjølve nådestøyten mot oss vindkraftmotstandarar. For det er jo det vi eigentleg er, heile gjengen, ifølgje Braadland. Klimafornektarar.

Slik rullar Braadland ut skytset sitt. Her skal vi kleast nakne og fråtakast alt truverde.

Undervegs nyttar Braadland talmateriale som passar til hans argumentasjonsrekkje. Han underkjenner fagfolk som ikkje støttar hans syn, og han underslår, i kjend stil og nett som bransjen sjølv, all kunnskap om vindkraftas talrike negative sider.

Braadland går så langt som til å vedgå at vindkraft “er ikke perfekt”, men resten av innlegget er eit panegyrisk forsvar for ein teknologi som drep, forureinar, støyar, plagar, fragmenterer leveområde, splittar lokalsamfunn, øydelegg livskvalitet, endrar landskap. SV-aren går i heilhjarta forsvar for ei av dei mest brutale, aggressive og løgnaktige kapitalinteressene vi kjenner, med hemmeleghald som arbeidsmetode, trugsmål, tvilsamt utanlandsk eigarskap og konti i skatteparadis.

I dette forsvaret, som inkluderer grove skuldingar mot oss vindkraftmotstandarar, kjem han med lettvinte og sjølvsagt udokumenterte påstandar om at det meste av det vi hevdar, er misvisande, og at det er våre “usannheter” som blir ståande.

Ja, hadde det no berre vore så vel.

Misvisande, Braadland, eg skal gi deg misvisande, eg. Ta deg ein tur innom heimesida til Norwea, om du ikkje allereie har gjort det. Bla deg gjennom, sjå litt på bileta, les litt om skuggekast som ser ut som “dansende engler” og ein (openberrt) forsoffen og desillusjonert jegers påstand om at jakta er blitt mykje lettare etter at det kom vegar opp i heia. Glade teltarar midt i industriområdet. Reinsdyr som tilsynelatande har det fortreffeleg mellom turbinane. Er det ei presis og sannferdig skildring av vindkraft slik folk og dyr opplever det? Eller har vi eit poeng, vi som meiner at denne bransjeorganisasjonen serverer eit løgnaktig bilete av verkelegheita i og rundt eit vindindustrianlegg?

I så fall kan du gjerne ta ein telefon til din partikollega Heikki Holmås (styremedlem) og be dei rydda i sine løgner.

Eg har ikkje hytte, Thor Egil Braadland, men veit du, eg har ski. Du kjem langt med ski. Er du svaksynt og tunghøyrt og riktig uheldig, kan du snubla inn i eit område med turbinar. Då skal du ha takk. Då risikerer du rett og slett å bli drepen av is som blir kasta frå vengjene på ein vindturbin. Og veit du, Thor Egil Braadland, på Norweas heimeside står det at “nye veier anlagt som følge av vindkraftutbygging øker mulighetene for aktiviteter som sykling, tur og skiløping”.

Så då er det kanskje berre tull, det eg har høyrt, om iskast og slikt? Då er det kanskje ikkje tilfeldig at heller ikkje du fann problematikken verd å nemna i din kronikk. Og når du nemnde fugl, var det for å fortelja solskinshistoria om at “bare” 100 ørner er blitt drepne på Smøla på 13 år - tretten år! Gladsak, ikkje sant?

Når du først var inne på fugl, kunne du jo ha nemnt Smølalirypa, Thor Egil Braadland, men det passar ikkje inn i narrativet ditt. Smølalirypa er ein endemisk art, utryddingstrua. På Smølalirypas endelikt mangler i praksis berre at turbinane på Frøya tek til å snurra. Du unngår sjølvsagt å lyga når du let vera å nemna Smølalirypa, men du unngår ikkje å opptre løgnaktig, Thor Egil Braadland!

I dag var eg på ski i eit område som vindkraftfolka gjerne vil slå kloa i. Her er det “gode vindressursar”, som dei kaldt forretningsmessig brukar å slå fast.

Er det ikkje rart kor ulikt vi ser på ting? Der du og dine medsamansvorne ser vindressursar, ser eg friluftsverdiar, og leveområde for mange artar. Der de ser toppar som kan skytast vekk og flatast, ser eg noko evig og ukrenkeleg. Der du ser ei ørn som vi godt kan klara oss utan, ser eg det eine, stolte individet, som har den same retten til å leva i fred og fridom i sitt habitat, som du har i ditt. Der de ser ein potensiell vegtrasé, ser eg uerstatteleg skog og viktige habitat. Der de ser møller og parkar, ser eg fullskala støyande, blinkande, invaderande industri.

Der de ser gratis industritomter, ser eg ubetalelege landskap, og det vil eg gjerne at du merkar deg, Thor Egil Braadland, at når du gledesstrålande i slutten av ditt innlegg kan fortelja at vindkraft er lønsam, så er det så grunnleggjande misvisande som det går an å bli. Vindkraft kjem med ein kostnad, ein enorm kostnad. For natur, for dyreliv, for landskap, for økosystem, for bygder, lokalsamfunn og nabolag, for alle som er glad i naturen. Det er verdas finaste tomteland de legg beslag på. Om verda var rettvis, skulle prisen vera, som sonen min på sju kan finna på å seia, uendeleg.

Og du, du som snakkar om promillar og bagatellar. Du kan ta med deg promillane og bagatellane dine til Haramsøya og Frøya, til Buheii og Tysvær og fortelja kor lite, men viktig det er i den store samanhengen, det offeret dei gjer der, og kor takksame vi er for at dei gjer det, vi i storsamfunnet.

Eg skal be dei mønstra berre dei som ikkje har hytte, slik at du får som du fortener. Så øyrene passar og hatten flagrar!

Fiskeri & havbruk

En takk til Solveig Slyngstad

Solveig Slyngstad ble ansatt for å gjøre en jobb for kommunen og har i høyeste grad levert. Takk, Solveig ! Vi ønsker med dette å gi ros og honnør til vår rådmann. Slyngstad ble... torsdag 13:33

Distrikts-reiselivet kan reddes – men da må det skje nå

Det tar et helt liv å bygge et livsverk. Og en pandemi er nok til å velte det overende i løpet av noen måneder. I Trøndelag får vi nå tilbakemeldinger om at krisepakkene fra... onsdag 15:38

Midt-Norges viktigste sjøfuglkoloni i fare!

Naturvernforbundet i Trøndelag går i mot å plassere et stort oppdrettsanlegg bare 500 meter fra Sklinna verneområde. mandag 08:19

Næringslivet kan spare store beløp på modulvogntog

Pål Sæther Eiden, Høyres gruppeleder i Fylkestinget Henrik Kierulf, Nestleder Hovedutvalg veg (H) fredag 18:02

Svar til Baadlands innlegg om vindkraft

Knut A. Langeland fredag 17:50

Overformynderi eller fornuft?

Nærøysund FrP Kommunestyregruppen torsdag 23:33
Smånytt

Åpner dørene til Nubdalseng gård

Notis 4. juni: Hver sommer inviterer Nubdalseng gård til Søndagskaffe og i år er intet unntak. Fra og med førstkommende søndag, 7. juni, blir det mulighet til å legge søndagsturen til... torsdag 13:54

«Kronprins Haakon»

Notis Vi har fått inn flere bilder av denne flotte skuta. På dette bildet passerer den Dolmsundet. FF «Kronprins Haakon» er et norsk forskningsskip som overvåker ressurser, miljø- og... fredag 08:20