Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

ytringen.no

Fiskeri & havbruk

Ytring om NTE og vindkraft

Harald Kjelstad

Ytring · Publisert 10:03, 31 mar 2020

Eg har følgt litt med i debatten som går i Ytringen mellom NTE og dei som ser med stor uro på planar for vindkraftverk på Ytre Vikna. Eg har sjølv utdanning og erfaring både som ingeniør og leiar av kraftutbygging både i Norge og internasjonalt, seinare år også som styreleiar i kraft- og energiselskap. Så har eg også brukt ein stor del av mitt yrkesaktive liv med å legge til rette for industri og ny næringsutvikling over heile landet, ikkje minst med distrikta som målområde.

NTE har tidlegare hatt eit godt omdømme. Men så starta presset på Ytre Vikna. Og både konsernsjefen og energisjefen har gått høgt på bana gjennom Ytringen, nå også med podkast, med argument som eg oppfattar som manipulerande enten det gjeld straumforsyning, krav til elektrifisering, økonomi, ja også klima, berekraft og næringsutvikling.

Norge har ca 10 TWh i netto overskot av fornybar kraft årleg, og vi har tilfredsstillande overføringsanlegg over heile landet. Marginal netto import i 2019, det var meir lønsamt å kjøpe litt kraft enn å bruke meir av magasina.

Når det gjeld elektrifisering er vi også fremst i verda med ein fornybarandel på 70 prosent. Globalt er andelen 18 prosent når biodrivstoff er medrekna. Regulerbar og magasinerbar vasskraft er ryggrada i kraftsystemet vårt. Vasskraft var vår viktigaste strategiske ressurs for oppbygging av industri og velstand.

Vi har verna vassdrag med potensiale på ca 50 TWh. Vi har framleis 40 TWh som er teknisk og etter kvart økonomisk utbyggbart. Men dette treng vi ikkje å røre. Vi har ca 20 TWh å vinne inn med rehabilitering av eksisterande kraftanlegg, nesten utan nye synlege inngrep. Klimaendringane fører dessutan til meir nedbør. Vi kan samstundes rette opp gamle feil, med nye krav til minstevassføringar og betre flaumsikring. Så har vi eit potensiale for effektivisering og gjenvinning av kraft på 10 TWh før 2030 og for kortreist solkraft på tak på nær 30 TWh. Det trengs altså ikkje utbygging av vindkraft på land for å skaffe nok kraft til påtenkt elektrifisering fram til 2030 eller 2050. Samstundes må vi stille kritiske spørsmål om elektrifisering av olje- og gassutvinning på sokkelen gjev klimagevinst.

Det er ikkje dokumentert klimagevinst ved utbygging av vindkraft på land i Norge. Vi veit nå at det farlegaste både for naturmangfald og klima er at vi stadig øydelegg meir natur. Vindkraftkonsesjonane hittil har ført til omdisponering av 1800 km2 frå friluftsområde til bygge- og anleggsområde, ti gonger meir enn samla industriareal, og 60 prosent meir enn samla by- og tettstadareal. I tillegg kjem berørt areal utanfor konsesjonsområda med visuell forureining og risiko for lydplager og urein avrenning. Dette er det historisk største og mest massive angrepet på norsk natur nokon gong. Dei som kjem etter oss vil stille oss til ansvar for dette sviket mot naturmangfald og lokalsamfunn.

På podkasten høyrer eg også at NTE prøver seg på ein rein bløff, at inngrepa er reversible! Skal dei fjerne utslepp og lidingar under utvinning av sjeldne metall i fattige strok av verda, utslepp ved transport av maskiner og utstyr frå Asia inn i norsk fjell- og kystnatur, vegane, betongen i fundamenta og komposittmateriala i turbinvengene? Fjerne skjeringar og

fyllingar, reparere punkterte myrar? Nei vi må nok vente på neste istid. Vindkraft på land i norsk natur er ikkje verken reversibel, fornybar eller berekraftig.

Ikkje blir det arbeidsplassar av det heller, berre i anleggsperioden. All teknologi er produsert ute, i Asia, i Danmark eller Tyskland og ekspertisen kjem derifrå. Dette står i sterk kontrast til oppbygging av norsk industri og kompetanse innan vasskraft og elektrifisering av landet vårt. Norge kom i front i den globale marknaden. Dei andre draumane om knutepunkt for klima- og energi som vindkraftselskapa nå introduserer rundt land og strand for å få lokalpolitikarar over på si side, gjev først og fremst tradisjonell konsulentmat.

Så prøver dei seg med at vindkraft er lønsamt utan grøne sertifikat. Men dei betaler ikkje erstatning for redusert verdi av bustader, fritidseigedom, turistbedrifter, verdiforringing av allemannsrett og rekreasjonsglede, redusert bulyst og splitta lokalsamfunn. Investeringane i dei store overføringsanlegga vert betalt gjennom nettleiga vår. Vindkraft er ustabil. I Norge foredlar vi gjennom vasskrafta. Kven har betalt for oppbygging av det velutvikla kraftsystemet vi har i Norge? No opplever vi at både private og offentlege spekulantar sel desse verdiane våre til utanlandske energi- og investeringsselskap. NTE prøver å fortelje oss at dei ikkje har planar om å selje, men har dei eit betre verdigrunnlag enn andre kraftselskap, herunder Trønderenergi?

Vindkraft i norsk natur er ikkje berekraftig, verken miljømessig, økonomisk eller sosialt!