Leserinnlegg:

Vi må oppretthalde statusen til beitedyra våra!

av Geir Inge Lien, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal, Senterpartiet

Ytringen informerer:

Dette er en meningsytring som gjenspeiler skribentens egne meninger og holdninger.

Den alternative politikken til opposisjonen vil medføre ei dyster framtid for dei ekstremt verdifulle beitedyra våra. Det vil Senterpartiet setje ein stoppar for.

Venstre og MDG sitt forslag om å auke momsen på kjøt passar fint inn i den landbruksfiendtelege politikken til opposisjonen. Det er komplett uforståeleg korleis Høgre, Venstre og MDG kan føreslå ei massiv avgiftslegging av landbruket. Særleg når Stortinget har vedteke å auke sjølvforsyningsgrada.

Geir Inge Lien, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal, Senterpartiet
Geir Inge Lien, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal, Senterpartiet

For meg er det i grunn veldig enkelt: Vi treng meir mat. Då er det feil å gjere det dyrare for bøndene å produsere den maten vi har dei beste føresetnadane for å produsere! Det einsidige fokuset til Venstre og MDG på grønnsaksbonden er ei naiv tilnærming til beredskap og sjølvforsyning. Å setje bønder opp i mot kvarandre er fullstendig unødvendig – alle bønder skal med!

I rovdyrpolitikken er det òg faretruande teikn å sjå. Solberg-regjeringa si innskrenking av naudverjeretten, kombinert med opposisjonen sitt ynskje om å auke rovdyrbestanden og kutt i rovdyrforvaltninga er feil veg å gå. Denne politikken vil gjere det vanskelegare for bønder å trygge beitedyra sine. At SV i stor grad deler dette synet, i tillegg til å vere villege til å oppretthalde distribusjonstilskotet til Tine sine konkurrentar illustrerar tydeleg at dei på ingen måte er bonden sin beste venn.

Beitedyra våre vert angripne frå alle kantar: frå naive politikarar, til priviligerte hytteeigarar som opplever at sauebæsj gjer opphaldet mindre triveleg. Til dei er det berre ein ting å seie: beitedyr har ein naturleg og fortent plass i den norske folkesjela, og har eksistert lenger enn Magnus Lagabøte si landslov.

Senterpartiet er garantisten for at beitedyra våre held den statusen dei har fortent i over 6000 år.

Powered by Labrador CMS