Husker du saken:
Et tilbakeblikk på en betydningsfull slektshistorie
Lensmann Christian Melgaard i kretsen av familie og slekt. Lensmannen selv sitter foran med skomakerverktøy. Han var en ivrig amatørskomaker, som også tok i mot skomakerarbeid for folk i bygda. Bildet er tatt ca. 1910.
Foto: Arkiv
Dei første av denne store slekta kom truleg frå Beitstad for nær 200 år sia, og via Nærøy og Kolvereid kom «utløpere» av slekta til Bindal i 1830-åra og seinere til Velfjord. Artikkelen er skreven for Årbok for Helgeland 1983.
Melgaard-ætta som her blir omtala har ættenamnet frå Beitstad i Nord- Trøndelag, frå Melgården i Dalbygda. Dialektformen der er Mællgåln eller Mællgåla, etter kva kasus namnet blir brukt i. Professor Oluf Rygh har tydd namnet som «den mellemste Gaard.
Frå 1830-åra har Melgaardnamnet vori eit kjent og akta familienamn i Bindal, og ein mannsalder deretter i Velfjord. Ætta er spreidd over fleire bygder på Sør-Helgeland, og det hende at ein og anna i 1900-åra flytta tilbake til Namdalen. Dei gamle stiane mellom grensebygdene er attgrodde, men dei er der, og kan aldri retteleg bli gløymt.